Cajun Gumbo

Skjermbilde 2019-01-12 kl. 14.24.39.jpg

Bandet Arve Hålands Cajun Gumbo frå Bergen er rekna som eit av Europa sitt fremste band i sjangeren cajun og zydeco. Arve starta badet i 1993 i lag med fetter Dag Atle, og allereie samme året spelte dei i NRK sin serie om roots - Roots 93.

Repertoaret består i hovudsak av tradisjonelle cajun og zydecolåtar frå den fransktalande delen av Louisiana, USA, men også egenkomponerte låtar frå bandet sine 2 CD-utgjevingar, “Bon Appetit” og “Taste of Louisiana” er å finne på spelelista.

Arve har hatt utallige turar til Louisiana saman med det norske cajunbandet “Cajun du Nord”, og har har blant anna spelt fleire gangar på USA sin største cajun/zydeco-festival “Festival Acadiens et Creole” i Lafayette. I tillegg har han deltatt på fleire live TV- og radioshow. Dei seinare år har Dag Atle og Arve vore over dammen og spelt med kjente musikarar som Jambalaya Cajun Band og Junior Martin Family Band. I oktober -18 var dei blant anna på hovudscena under Festival Acadiens som gjesteartistar.

Gutta har spelt i fleire forskjellige band som har delteke på Norsk Countrytreff tidlegare, og har elles gjort konsertar på festivalar og klubbar innen blues, trad.jazz og folkemusikk. Også store utanlandske festivalar som Skagen Festival og Fredrikshavn Bluesfestival i Danmark, Europas største cajun/zydeco-festival i Holland; “ZydecoZity”. Dei har også deltatt på festivalen “Louisiana Night” i Belgia.

Bandet består av nokre av dei fremste rootsmusikarane i Bergen:

Arve Håland: Ein- og treradar og vokal, Dag Atle Håland: div. gitarar og vokal, Aksel Fjæra: bass og vokal, Øystein Fosshagen: fele, mandolin og vokal, Morten Bergstrøm: trommer og Roald Gilje: vaskebrett og triangel.

Freddy Brakestad