Big-B

Big-B bilde.jpg

Big-B eller Bjørn Vidar Amdal kjem frå Lillesand i Aust-Agder, og har fram til i dag gjeve ut 4 album samt eit Best Of-album - det første med tittelen “Best Mistake” i 2008, etterfulgt av “Toby Keith Tribute” i 2011, “All Fired Up” i 2011 og “Choices” i 2016. I 2018 kom samleplata “The Best Of BB”.

Big-B har 30 års fartstid i bransjen, og har dei siste åra skapt seg eit godt namn innan countrymusikken i Noreg, ikkje minst med sin hyllest til Toby Keith, der han ville hedre sitt store idol ved å tolke Keith på eige album. Dette albumet blei til etter eit møte med Toby Keith i Oslo Spektrum.

Big-B sitt varemerke er ei stor og særegen stemme - ei stemme som gjer at han er lett å kjenne att både på radio og på scena.

Big-B held i desse dagar på med å planlegge sitt neste plateslepp, og i mellomtida fyller han helgane med å reise rundt i landet som ein av dei ypperste ambassadørar vi har for countrymusikken i landet.

Freddy Brakestad