Lenker artist

Nyttige lenker for artistar:

BRAK er interesseorganisasjonen for det rytmiske musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane. Brak driv landets første regionale kompetansesenter for rytmisk musikk, og skal bidra til å betre og tilrettelegge rammebetingelsar for musikkmiljøet.

http://www.brak.no/

 

GramArt er landets største interesseorganisasjon for norske artister og har ca. 3600 medlemmer frå heile landet innan alle sjangrar. Dei uttalar: “Vi jobber daglig for å forenkle din hverdag og gjør en viktig oppgave med å jobbe politisk for å bedre rammevilkårene for norske artister”.

GramArt taler artistane si  sak i den offentlege debatten og arbeider  kontinuerleg for å betre rammene for artistane. GramArt kjempar også for at artistane si stemme blir høyrt i forvaltningsorganisasjonane Gramo og Norwaco.

Alle artistar og utøvande musikarar innan alle sjangrar er velkomne som medlem i GramArt.

http://www.gramart.no/

 

Music Norway er eit sentrum for norsk musikkeksport. Senteret skal leggje til rette for musikkeksport og internasjonal profilering av norsk musikk. Arbeidet er basert i musikklivet sitt behov og skal auke interessen for og bruken av norsk musikk innan alle sjangrar.

http://no.musicnorway.no

 

Stiftelsen MIC Norsk musikkinformasjon vart frå og med 1. januar 2013 fusjonert med Music Export Norway til den nye organisasjonen MUSIC NORWAY. Noteavdelinga vart samtidig flytta til Nasjonalbiblioteket og nettavisa Ballade vart skilt ut som eiga stifting.

MIC har på si gamle side, som framleis eksisterer, ei liste med nyttige tips til deg som artist. Du finn den her: http://www.mic.no

 

Ballade.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for og om norsk musikkliv. Siden 2000 har Ballade publisert egenproduserte artikler og lagt til rette for debatt om en lang rekke spørsmål knyttet til artister, komponister, låtskrivere, tekstforfattere, musikkbransje og organisasjonsliv.

http://www.ballade.no/


Gasta Design