Hospitering

Eit tilbod til arrangørar av festivalar

Som eit ledd i gjennomføring av Knutepunktoppdraget, tilbyr Norsk Countrytreff ei hospiteringsordning, der andre festivalar har høve til å søke om å få delta.

Gjennom hospiteringa vil deltakarane få kjennskap til korleis organisasjonen er bygd opp og korleis festivalen vert planlagt og gjennomført.

NB!  Søkjarane må ha -eller skulle ta til i- ein ansvarsrolle i ein festival eller liknande arrangement, der den erfaringa vi kan tilby gjennom hospiteringa, er relevant for eige arrangement.

Opplegg 2016:

Dersom nokon ynskjer å hospitere i planleggingsfasen i forkant av festivalen, kan de ta kontakt på epost nct@breim.no eller telefon 57866344.

Relevante områder er:

  •  Konsertgjennomføring og artistkontakt
  •  Organisasjon og administrasjon inkl.billettregistrering.

Onsdag 13.juli, ettermiddag:

Informasjonsmøte

Torsdag –søndag 14.-17.juli:

Vaktliste etter avtale, avhengig av kva område ein ynskjer fordjupe seg i. Deltakarane følgjer erfarne funksjonærar.

Deltakarane får festivalpass og har fri tilgang til konsertane på hovudarenaen når ein ikkje er på vakt.  Deltakarane må møte utkvilte og edru på jobb. Det er ikkje høve til å nyte alkohol på vakt!

Fordjupingsområde:

  • Vaktordning hovudarena og camping
  •  Anlegg
  •  Servering
  •  Konsertgjennomføring og artistkontakt
  •  Organisasjon og administrasjon inkl.billettregistrering.

Kostnad:

Sjølve hospiteringa er gratis, men deltakarane må betale reise og overnatting sjølve.  Bur ein på festivalcampen, er det inkludert i festivalpasset. Ynskjer ein annan mat enn det som vert servert i funksjonærkantina, må ein koste det sjølv.

Aldersgrense:

Alle søkjarar må vere over 18 år.

Søknadsfrist:

Søknadsfristen er 12.juni 2016. Interesserte søkjarar registrerer seg elektronisk her:
 

Søknad – Hospitering under NCT 2015

Kva område ynskjer du fordjupe deg i? *

Hugs å sende stadfesting frå arrangements-/festivalleiar med tilråding!


Gasta Design