Norsk Countrytreff 2019 er over

Foto: Runar Sandnes / NCT

Foto: Runar Sandnes / NCT

I dag gjer vi ABBA sine ord til våre eigne, kjære alle saman.

THANK YOU FOR THE MUSIC!

No er Norsk Countrytreff 2019 på Norsk Fjordhestgard historie, og for mange av dykk har denne historia vore prega av sol, varme, god musikk, sosial omgang og kanskje bittelitt godt i glaset.

Vi vil få takke alle våre gjestar for framifrå oppførsel, god festkultur og for eit strålande humør! DE ER GRUNNEN TIL AT VI GJER DETTE HER!

Vi vil òg få takke alle artistar som har bidratt til å gjere denne langhelga til ein fest, og vi nemner i fleng Fri Flyt, Longhorn, Trond Svendsen & Tuxedo, Capt. Kane & Big Trouble, Cajun Gumbo, G.Thomas, Big-B, Girls Gone Country, Misery & Co, Muntre Musikanter, Nora Legrand, Jørgen Dahl Moe, Grøftekarane, Bluegrass Boogiemen, Sons Of Vanity, Hometown Marie, HALM, Ruby Red & the Moonshine Brothers, Get Rhythm, Malin Pettersen, Vassendgutane, Rotlaus, STAUT, Tone Damli, Finn Tokvam, Vilde og Anna, Sigrid Moldestad, Eivind Vilnes, Inge Ronny Kvåle, Steve'n'Seagulls og sist, men ikkje minst; Emmylou Harris.

16.900 menneske innom på festvalen i løpet av desse dagane. Vi er så stolte og glade!

No startar oppryddinga etter årets festival, og også jobben med å planlegge Norsk Countrytreff 2020.

VELKOMMEN TILBAKE I 2020, FOLKENS!

Freddy Brakestad