Hanne Sørvaag med ny plate

HanneS.jpg

Etter internasjonal suksess som låtskrivar og seks engelskspråklige album bak seg, kjem Hanne Sørvaags første norskspråklige album til høsten. 

Plata får tittelen «Som om me hørte samen». Først ut er singelen «Har eg mista deg allerede?». Fleire singlar kjem utover våren.

Hanne med band er klar for festivalsommeren med fleire nye låter i bagasjen!

Sørvaag har reist verda rundt for å skrive låtar for andre, og har hatt stor suksess. Blant anna med finalelåt i American Idol, og med hiter høgt oppe på Billboard-listene, med store artistar som Shontelle. Her heime har ho også gjort seg bemerka i Melodi Grand Prix med Didrik Solli-Tangens vinnerbidrag ”My heart is yours”. 

I fjor deltok Hanne Sørvaag i «Hver gang vi møtes», og VG skreiv: «Sørvaag klarer nok en gang å styrke en låt med å vri den over til sart rogalandsdialekt». 

Sart og personlig blir også albumet som kjem til høsten. I eit intervju nyleg, fortalde Hanne at ho hadde ting på hjartet, frå oppveksten og fram til i dag, som ho aldri hadde satt ord på, før no. Og nettopp fordi plata er så personlig og ærlig, føler ho det er heilt rett å gjere den på norsk.

Freddy Brakestad