Country for alle!

Norsk Country Treff har som mål å presantere country musikk av høg kvalitet til eit bredt publikum. Dette er grunnen til at vi har eigne konsertar for born i barnehage- og grunnskulealder i Trivselshagen på Sandane. Vi har og eigne opplegg med underhaldning på Gloppen Sjukeheim og bufellesskapa i Hyen og på Byrkjelo.

Sjølv om det er 18 års aldersgrense på våre festivalcampingar og i serveringsområdet etter kl. 20.00, er det ingen aldersgrense på eit parti framfor Hesjestauren på sjølve hovudarenaen. Dette betyr at det er mogeleg for familiar å nyte god musikk og flott stemning hos oss. Har du spørsmål om arrangementa våre er det berre å sende oss ein e-post.

Gasta Design