15.-18. Juli 2010

Barnas Countrytreff

Trivselshagen, Sandane fredag 16. juli kl. 11.00.

Barna har fått sin eigen dag under festivalen.
I 2009 prøvde vi for første gong å lage ein eigen dag for borna med konsert og ulike aktivitetar. Dette vart ein stor suksess, og vi har difor vidareført opplegget i år med fleire nye element.

Trivselshagen på Sandane er arenaen for dagen. Her kan vi samordne mange ulike aktivitetar under eit tak og på den måten ikkje vere så avhengig av vèret eller andre forhold på det ordinære festivalområdet. Det heile startar med ein konsert i Kultursalen. Deretter serverer vi pølse m/brød i fellesarealet. Gloppen folkebibliotek har ope nokre timar på dagen så du har høve til å kombinere dagen med levering og låning av bøker. Her er òg eit eige teiknerom der ein kan fargelegge ulike countrymotiv. I dansesalen i første etasje vert det linedancekurs tilrettelagt for små born med Cow Walley linedance gruppe frå Naustdal. Stall Rygg stiller med hest og kjerre og ponniridning i området utanfor Trivselshagen.

Barnas Country Treff passar for born i barnehagealder og opp til 4. klasse.

NB!
Dette arrangementet krev påmelding på
førehand: Ring tlf. 57 86 63 44 eller
send ei påmelding på epost til: nct@breim.no.

Muntre Musikanter

Med utgangspunkt i kjente viser av Thorbjørn Egner, har dei laga ei morsam, lærerik og engasjerande førestilling der songane vert framført i bluegrassdrakt.

Dei fleste songane kjenner barna frå før, men dei har sjeldan høyrt Egners viser framført på banjo, mandolin, fele, gitar og kontrabass. Det dei kanskje ikkje veit, er at Torbjørn sjølv spelte banjo. Han brukte denne titt og ofte når han song dei velkjente songane. Dei ynskjer at førestillinga skal gje ei positiv, spennande og aktiv oppleving som appellerer til barna sin kreativitet og fantasi. Tradisjonelt er bluegrass ei vidareutvikling av europeisk folkemusikk. I stilarten sitt heimland er det tradisjon at musikken vert framført på familiearrangement, men i Noreg er det dessverre slik at bluegrass som regel vert framført på arenaer der barn ikkje har tilgang.

Muntre Musikanter ynskjer å gjere denne morsame og leikne musikken meir kjent for barn i Noreg.

Muntre Musikanter video finn du her.

Comments are closed.