15.-18. Juli 2010

Festivalcamp

Oversikt over festivalcampingane, klikk på bildet for stor utgåve.

Norsk Country Treff har fleire festivalcampar som ligg i tilknytning til hovudarenaen på Norsk Fjordhestgard. I 2009 utvida vi campingområdet ytterlegare med 15 dekar for å kunne ta imot endå meir publikum.
Prisane for festivalpass inkl. camping finn du i kolonna til høgre. Prisane inkluderar fri adgang til alle konsertar på hovudarenaen.

Vi gjer merksam på følgande:

  • Camping innsjekk opnar torsdag 15. juli kl. 14.00.
  • Det er ikkje mogleg å forhandsreservere plass på festivalcampen, men vi har plass til alle!
  • Det er 18års aldersgrense på festivalcamping og alle MÅ vise legetimasjon ved innsjekk.
  • Det er ikkje camping ved Breimshallen i år! Dei som ynskjer camping utanom festivalcamp må henvende seg til campingplassane i kommunen

Vi gjer oppmerksam på at dei som har hund på camping til ein kvar tid har denne i band. Bandtvang vert handheva strengt og brot på denne vil medføre bortvisning frå området.

Anna overnatting i området

Dette er overnattingsplassar i nærområdet. (utanfor festivalområdet).


Det er satt opp bussar til og frå festivalområdet frå Førde, Stryn, Hyen og Sandane. Alle desse overnattingsstadane vert passert av ein eller fleire av desse bussane, og du kan difor kome deg fram og tilbake med kollektivtransport. Med eit unntak; Gloppefjord Sommarhotell og Sandane Vandrerhjem. Dei har avtale med bussselskapet om å køyre innom dei på nokre av avgangane. Kontakt dei for meir info.

Comments are closed.