Norsk Country Treff
I 2009 vert Norsk Country Treff (NCT) arrangert for 15. gong på rad. I løpet av andre helga i juli skal 17 ulike artistar og grupper opptre på ikkje mindre enn tretten ulike arenaer. Sidan første festival i 1995 har festivalen sakte, men sikkert vakse seg til å bli eit av dei største kulturarrangementa i Sogn og Fjordane og på Vestlandet innan sin sjanger. Frå 2000 besøkande første året, var det i 2008 ny publikumsrekord med over 13 000 personar innom arrangementa, som etterkvart er spredt over heile kommunen.
NCT har ikkje som målsetting å bli den største festivalen, men å vere den beste. Kvalitet på alle plan er kjennemerket vårt, og er noko vi til ei kvar tid arbeider mot. Vi prøvar kvart år å vidareutvikle organisasjonen, både for artistar og publikum, og ikkje minst for alle dei 600 funksjonærane som trår til desse dagane. Det er blitt ein tradisjon for gloppare og andre countryinteresserte å sette av denne helga til dugnadsarbeid, sosial omgang og kulturelt påfyll. Dette er ein tradisjon vi håpar vil fortsette i femten nye år. Ved å ha ei kontinuerlig vidareutvikling, trur vi at dette er muleg.
Konsertar
Det heile startar torsdag ettermiddag med at festivalcampingane opnar. Det har dei siste åra vist seg at fleire og fleire kjem til Breim allereie torsdag, og ynskjer ha ei lang helg på festivalen. Utanom den tradisjonsrike opningskonserten i Frislidlada på Nordfjord folkemuseum, har òg hovudarenaen blitt tatt i bruk torsdag kveld. Kolbeins Saloon opnar med servering av mat og drikke, og i år vil norske Lucky Lips dra i gang det musikalske på festivalområdet. Fredag og laurdag går det slag i slag på to scener, frå tidleg ettermiddag og ut i dei små nattetimar. Vi har eit bredt spekter av artistar. Både lokale, nasjonale og internasjonale grupper innanfor dei fleste musikalske retningar av countrymusikksjangeren står på scenene desse to dagane. Vassendgutane vil avslutte fredagskvelden, medan laurdag har vi fått eit stort namn innan countrymiljøet i USA, Mark Chesnutt, til å runde av det heile. Vi må sjølvsagt ikkje gløyme dei andre konsertane som finn stad utanfor festivalområdet. Rune Larsen og Helge Nilsen tek oss med attende nokre år med ein hyllest til country musikken i Breimshallen fredagskveld. Breim kyrkje har blitt flaggskipet til NCT, og er høgt verdsett blant artistane som får delta der. Vi kan nemne Dawn Sears, Audie Blaylock & Redline, Longhorn og vår eiga Sigrid T. Moldestad som nokre av dei som opptrer laurdag ettermiddag under kyrkjekonserten.
I år er det i tillegg to nye målgrupper vi rettar oss mot, dei yngste og dei eldste i kommunen. Dette er menneske som av ulike grunnar ikkje kan delta i det største kulturarrangementet som går av stabelen i Gloppen Kommune. Vi prøvar difor å møte dei der dei er og lage nye møtestader for desse og countrymusikken.
Barnas Country Treff
I 2008 var vi so heldig å ha Ila Auto på programmet for hovudscena. I tillegg til å ha forrykande opptreden for eit vakse publikum, har dei òg i samarbeid med Rikskonsertane utvikla eit opplegg for barn. ”Blågress for smågress” er kjente barnesongar i bluegrasstil, og vart svært godt motteke òg av barn her i kommunen.
Vi ynskjer å vidarutvikle opplevingane for barn under årets NCT. I 2009 vert det for første gong arrangert Barnas Country Treff. Dette skal vere barna sin dag, der dei står i sentrum av arrangementet. Vi ynskjer å ta i bruk det flotte kulturhuset vårt til dette formålet. Dette er ein flott arena der barn kan bruke store deler av bygget til ulike aktivitetar og opplevingar. Rune Larsen og Helge Nilsen vil halde konsert i storsalen, og tek nok med nokre kjente barnesongar for allsong blant publikum. Linedancekurs, ope bibliotek, teikneoppgåver, utkledning og countrymat er litt av det som vil finne stad i Trivselshagen denne dagen. Dette er eit gratis tilbod, men grunna plass og tilrettelegging må vi ta påmeldingar i førekant. Vi vil i juni sende invitasjon til barnehagane, og opne opp for påmelding for andre barn og unge.
Dei eldste i kommunen
Det er ei gruppe eldre menneske som ikkje har høve til å ta del i konsertane som finn stad på ulike arenaer. Vi ynskjer difor å ta med musikken ut av festivalområdet på Råd. Bufellesskapet i Hyen, på Byrkjelo (for Breim) og Sjukeheimen på Sandane med omliggande omsorgsbustader vil i løpet av dei siste dagane i festivalveka få besøk av artistar og personar frå administrasjonen i NCT. Vi vil ta del i dei faste sosiale opplegg som er desse stadane og vise litt av det som skjer denne helga i Gloppen kommunen.
Miljøfyrtårn
I januar 2009 starta NCT i samarbeid med ein av hovudsponsorane våre, SFE, opp arbeidet med å bli eit Miljøfyrtårn. Etterkvart som festivalen aukar i omfang som arrangement og publikumsmessig, er det stadig fleire omsyn å ta når det gjeld å handtere det på eit miljøvennleg vis. Vi synest det i 2009 er viktig å tenke miljø òg i enkeltarrangement, på lik linje med bedrifter eller privatpersonar. Det er eit omfattande arbeid som ligg i å bli sertifisert som eit grønt arrangement. Men det er viktig dokumentasjon som no vert arbeida med, ikkje minst innanfor tryggleik for publikum.
Vi håpar at publikum kan vise respekt for dei miljøtiltak som no vert gjort på festivalområdet. Det vil bli ei breiare kjeldesortering av avfall enn tidlegare, men som likevel skal vere so enkel at alle kan ta del i det. Dette er enkle grep for den enkelte, men kan få store verknader samla sett.
Utvida campingareal
Etter at det kvart år vert ein stadig auke på festivalcampingen, har vi i 2009 ytterlegare utvida campingområdet, for å kunne møte ei ev. auke òg dette året. Vi har ikkje førehandstinging på campingplass, men kan garantere at alle får plass. Det vert i samband med dette òg utvida straumkapasitet og sanitæranlegg.
Utviding av program og festivalområdet fører naturleg med seg at vi treng meir mannskap enn tidlegare. Utan dei nærare 600 personane som stiller på vakt denne helgane, er det umogleg å arrangere ein festival på denne storleiken. Vi håpar at fleire har høve til å ta ei vakt i løpet av festivalhelga, og vi tek gjerne i mot frivillige. Er det lag eller organisasjonar som ynskjer å ta i eit tak for fellesskapet, og samstundes kunne få inn litt støtte til sitt lag/organisasjon, er det høve for dette her.
Det er femten år sidan det første gong vart invitert til countrytreff på Breim. Vi har med denne festivalen satt kommunen på kartet, både nasjonalt og internasjonalt. Og det er gledelig å kunne sei velkomen til den femtande festivalen på Breim, Norsk Country Treff 9.-12. Juli 2009!














