15.-18. Juli 2010

Nasjonalt Senter

fasade1

SØKNAD OM STØTTE TIL NASJONALT RESSURS- OG KOMPETANSESENTER FOR COUNTRYMUSIKK.

Med bakgrunn i 15 års erfaring frå arrangering av ein internasjonal countrymusikkfestival og gjennomføring av eit treårig forprosjekt, søkjer vi Kultur- og kyrkjedepartementet om kr. 20 mill til utvikling av og investering i eit nasjonalt ressurs- og kompetansesenter for countrymusikk på Vestlandet, Breim i Gloppen kommune.

I tillegg søkjer vi om driftstilskot : 3,6 mill. i 2011, 3,8 mill. i 2012 og 4 mill. i 2013.

Totalt vil senteret koste kr 30 mill i utviklings-, byggje- og investeringskostnader. Driftskostnadane vil vere kr 6 mill på årleg basis.

I tråd med regjeringa si samspelmelding, ser vi føre oss eit spleiselag mellom stat, fylkeskommune, vertskommune, sponsormidlar og eigne midlar.

På denne sida vil vi publisere relevant informasjon om prosjektet.

Comments are closed.