
NCT er basert på dugnad frå bygdafolket i Breim og omegn. Det er dei store laga i Breim sine medlemmar som i stor grad utgjer dei 6-700 frivillege som gjer ein fantastik innsats kvart år. Utan desse er det ikkje mogleg å arrangere NCT!
For å få kabalen til å gå opp treng vi fleire frivillige. Har du høve til å stille på dugnad før eller under festivalen har vi heilt sikkert ein jobb til deg, og du treng ikkje vere frå Breim.
Som kompensasjon får du fribillett til hovudarena heile helga. Du får og avslag i prisen på festivalpass inkl. camping (aldersgrense 18 år), som du betaler kr 300,- for.
Vi tilbyr òg lag og organisasjonar dugnadsvakter der vi betalar eit avtalt beløp til laget pr. vakt. Ta kontakt for meir informasjon.
Kontakt oss for meir opplysningar:
NCT Kontoret
Ved Ingemar Sårheim
mob: +47 95 27 88 95
epost: nct@breim.no
















