
Sidan 1982 har Tore Andersen vore profesjonell musikar. Nokre har samanlikna stemma hans med Paal Flaatas, som ikkje er noko dårlig status å få. Andersen sin siste CD, ”Right around the corner”, har fått glimrande kritikkar. Plata, som kom ut i mars, har fått fleire til å nærast hylle Andersen som Noreg sin største countryartist. Det kan virke som Tore Andersen endelig får den merksemda han fortener, etter 27 år som musikar. Dette er ein mann som fortener all den ros han kan få, etter mange år som ein forholdsvis ”ukjent” artist.
Han har mellom anna samarbeida med Rita og Frank Eriksen, og Ottar Big Hand Johansen, ein god venn og musikalsk mentor. Denne duoen har vi igjennom alle år hatt kjennskap til på Norsk Country Treff, der dei har vore faste konferansierar på hovudscena. I år kjem dei med nye songar i bagasjen og det er vert høve til å høyre nokre låtar frå den siste plata til Tore. Dei vil òg, tradisjonen tru, delta under kyrkjekonserten laurdag ettermiddag.
















