
Sigrid Moldestad er folkemusikar med bakgrunn frå Breim i Nordfjord. Ho er ein allsidig frilansfolkmusikar som har jobba med mange ulike prosjekt og artister; Christine Gulbrandsen, Karoline Kruger, Breimskoret, Fjøgl, Unni Løvlider nokre av dei ho har samarbeid med. Òg ein rekke musikaler og teater har ho vore delaktig i. Ho er fast medlem i gruppene GAMALTNYMALT, SPINDEL og duoen LARELI. Men mest av alt er det soloprosjektet TAUS som har markert Sigrid Moldestad som ein musikalsk historieforteljar: TAUS er ei konsertforestilling som handlar om dei uvanlig mange tausene(jentene) som var spelemenn i Nordfjord og Sunnmøre, vest i Norge. Det er sterke historier om damer som reid til hest, hadde borna med seg, som var blinde eller funksjonshemma og som prøvde å skaffe seg eit levebrød. Forestillinga TAUS har vore ein stor suksess og kritkkane har vore strålande! Plata “TAUS-felefortellinger” fikk Spellemannsprisen 2007. No jobbar Sigrid Moldestad fram mot ny soloplate som kjem nyåret 2010.
Det er gledelig å kunne presentere sambygdingar under årets festival. Ho kjem til å ta del i kyrkjekonserten i Breim Kyrkje laurdag 11.juli i lag med andre artistar frå festivalen.
Du finn meir informasjon på Sigrid si Myspace side her
















