15.-18. Juli 2010

Ida Jenshus

idajenshus_web

Allereie ved første gjennomlytting av Ida Jenshus´ debutalbum, Color of the Sun, står det klart at Steinkjer-sangerinna/låtskrivaren ikkje berre er Lyden av Lørdag. 21-åringen vant over sine utfordrarar på NRKs TV-sendte talentkonkurranse i fjor haust med ein avslappa sjølvfølge som berre kan skrive seg frå verkelig personlig artistisk tryggheit. Seieren kunne rett og slett ikkje gått til nokon andre enn country/folk-artisten frå Trøndelag.
Og no er Color of the Sun her, og den er uomtvistelig ein plate som tåler å bli spelt kvar dag hele veka, inkludert din fritt valte festdag.

Ida Jenshus bestemte seg allereie då ho var sytten, det var musikar ho skulle bli! Og erfaringane som var påkrevd stod ikkje i noko kjent pensum. Difor slutta Ida på skulen og har, oppsiktsvekkande, livnært seg av musikken sidan. Ho har gjort det ho har måtta gjere, deltatt på andre artistar sine plater og i mindre roller på ulike prosjekter. For å lære. Ikkje for det, gitar har ho spelt sidan ho var ti.
–Då eg var 14-15, oppdaga eg Alison Krauss, Nanci Griffith og etter kvart sjølvsagt Emmylou Harris & Gram Parsons. Det har aldri vore noko tvil om kva slags musikk eg skulle spele. Det har kanskje bevega seg meir i retning av country/ folk, frå bluegrass, men det er jo berre små ulikskapar.

Mesteparten av musikken på Color of the Sun er skriven av Ida Jenshus sjølv. Ho har fått hjelp av Kjell Karlsen med eit par, og Skjalg Raaen med ein. At ho har grepet på låtskrivinga òg, veit alle som har fått med seg singelen “These are the Days”, ein oppstemt song som sprett ut av radioen og nedover vegen med et uimotståelig kor på slep. Den har allereie vore A-lista i seks veker på NRK P1.
Sjølv ser Ida seg i ein folkelig norsk musikktradisjon som strekkjer seg frå nestorar som Åge Aleksandersen, Henning Kvitnes og Hellbillies til relative nykommarar som Marit Larsen, Odd Nordstoga og Real Ones. Alle artistar som har brakt inn små og store element av country i sine originale uttrykk.
I kjølvatnet av utgivinga av Color of the Sun, skal Ida og bandet hennar, som tel fleire av musikarane på plata, inkludert produsent Gebhardt, ut på vegen. Landsdel etter landsdel. Og i juli månad kjem dei til Breim og Norsk Country Treff.

Du finn meir informasjon på Ida Jenshus si heimeside her

Last ned musikk herIda Jenshus

Comments are closed.